Ein av mine favoritt film må vere Bollywood filmen Bride and Prejudice. Det er ein modernisert utgåve av den kjente Pride and Prejudice som er ei bok skreve av den kjente forfattaren Jane Austen. Filmen handlar om fire systrer som bur i Amritsar i India. Dei lever eit relativt roleg liv, men dette endrar seg raskt når tre av dei møter nokken veldig attraktive menn.
Filmen er ganske dramatisk, men samtidig veldig romantisk. Det er mykje fargar i filmen noko som gjør den visuelt fin og sjå på. Sidan det er Bollywood er det MASSE dans og synging, da blir filmen veldig lett og morosam. Eg kan vel ikkje seie at den er veldig lik originalen, men nokon karakterar og scenar går igjen. Eg anbefaler å sjå denne filmen på det sterkaste. Eg sjølv har sett den fleire gangar og den har fristat meg til å sjå andre Bollywood filmar.
